Søk i Bokmåls- og NynorskordbokaSøk i Bokmåls- og NynorskordbokaBomålsordboka kan være et svært
Nynorskordboka
kan vere eit svært nyttig hjelpemiddel når du skal sjekke rettskrivinga i ein
tekst. (Det er Universitetet i Oslo og Språkrådet som eig denne ressursen.)
Denne ordboka vert oppdatert når det kjem rettskrivingsendringar. Det
kan gå litt tid før det skjer.
Den nettbaserte ordboka set fart på arbeidet ditt. Det går
fortare å sjekke rettskrivinga med denne ordlista enn med vanlege ordbøker.
Slik kan du bruke Nynorskordboka:
Skriv inn ordet du vil
kontrollere. Ver merksam på at du kan skrive inn
bøyingsformer òg. Eksempel: guten (som er
bestemt form eintal av hankjønnsordetgut). Sjå resultatet
av dette oppslaget
her.
Det kan
vere at du ikkje kjem på korleis eit ord skal skrivast.
Eksempel: Du hugsar første del
av adjektivet interessant. Då
kan du skrive for eksempel dette i søkjefeltet: inter%. Her kan du
få fram maksimalt 25 ord. Dersom ordet du leitar etter, ikke
kom med, kan du ta eit nytt søk med fleire bokstavar. Eksempel:
interes%.
Når
du skriv inn enkelte ord, kan du få ein
kode du kan bruke. Slå opp på inkjekjønnsordet menneske. Her får du koden n1. Dette betyr at du
skal bøye substantivet slik det er vist på sida "Oversyn
over grammatiske kodar".