[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Subjunksjonar (underordningsord)

[Logg inn]


Å
Som
Testar

   Subjunksjonar (underordningsord)

Bokmål | Nynorsk

Ordklassen subjunksjonar inneheld
  • underordningsord (fordi, at, dersom mfl.)

  • infinitivsmerket å

  • ordet som

Subjunksjonar innleier leddsetningar. (Unntak er subjunksjonen å som innleier ein infinitivskonstruksjon.)

 
Underordningsord bind leddsetningar saman med heilsetningar. Her ser du ei oversikt over nokre slike underordningsord:

da/då, når, mens/medan, enda/endå, så snart (som), jamvel om, før (enn), etter kvart som, kvar gong, sjølv om, så (at), slik at, dersom, viss, fordi, at

Underordningsord står alltid først i ei leddsetning.

Eksempel
:

eg kom heim, hadde katten ete opp maten min.
 
Berre du får viljen din, blir nok alt bra!
 
Han heldt seg heime frå skolen fordi han var sjuk.
 
Det går nok bra på prøva viss du les på leksene dine.
 
Vi set komma etter ei leddsetning som står først i ei heilsetning. Les meir her.