| Konjunksjonar
(sideordningsord) er bindeord. Ein konjunksjon bind saman
like ord,
setningsledd eller
setningar. |
Vi har fem konjunksjonar som
kan binde saman like setningar:
-
Og
bruker vi når vi legg til meir
informasjon.
Eksempel:
Eg er glad i deg, og eg veit at du held av meg.
-
Men bruker vi når vi skal vise
ei motsetning.
Eksempel:
Per fekk karakteren 3 på prøva, men det var han ikkje nøgd med.
-
Eller bruker vi når vi har eit val.
Eksempel:
Vil du ha kaffi, eller skal eg setje på litt te?
-
Så
viser konsekvensen av noko, kva noko
fører til.
Eksempel:
Sykkelen punkterte, så han nådde ikkje fram til første time.
 -
For
bruker vi når vi skal
fortelje årsaka til noko, for eksempel kvifor noko skjer.
Eksempel:
Eg kjem ikkje på korpsøving i dag, for far har lånt tubaen min.
|