[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Determinativ (bestemmarord)

[Logg inn]


Eigedomsord (possessiv)
Peikeord (demonstrativ)
Mengdeord (kvantorar)
Testar

   Determinativ (bestemmarord)

Bokmål | Nynorsk

Sjå NDLA si e-forelesing om bestemmarord.
Determinativ (bestemmarord) er ord som står først i substantivfrasar og som peikar ut eller fortel om forholdet til substantivet.

Eksempel:
  • I mobiltelefonen min peikar min ut ein mobiltelefon mellom mange slike telefonar, nemleg den eg eig.

  • I tre fotballar fortel tre kor mange fotballar det er.


Vi har tre hovudtypar determinativ:

  1. Eigedomsord
    (possessiv)
    :
Ord kan fortelje kven som eig det vi snakkar om: katten min, boka mi.
  1. Peikeord
    (demonstrativ)
    :
Ord kan peike på noe eller nokon spesielle i teksten: dette treet, denne karen.
  1. Mengdeord
    (kvantorar)
    :

Ord som fortel om talet på eller mengd av noko.

  • Ubestemte artiklar (en, ei, et)

  • Grunntal (ein, to, tre ...)

  • Ingen, alle, kvar ...