[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Subjunksjonar (underordningsord) > Som

[Logg inn]


Å
Som
Testar
   Som

Bokmål | Nynorsk

 Subjunksjonen som viser tilbake til eit uttrykk som står like framfor.

Eksempel:

Skogsarbeidaren fekk ei ny motorsag, som han straks tok i bruk. (Her viser som tilbake til ei ny motorsag.)
Hunden, som hadde rømt frå gardsplassen, ville leike med fru Berg.
Læraren las ei bok som klassen ikkje likte.

Det hender at subjunksjonen som blir brukt feil. Det kan bli ganske morosamt. Kva er feil her?

Ved til sals hos dame som har lege på loftet i tre år.
Sonen min leigde ein hybel hos fru Jensen som var delvis møblert.
Guten fekk 250 kroner av arbeidsgjevaren som han sette inn på bankkonto.

 

Oppgåve: Lag minst fem eksempel på rett og feil bruk av subjunksjonen som.