[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Pronomen > Personleg pronomen

[Logg inn]


Personleg pronomen
Test: Personleg pronomen 2
Resiprokt (gjensidig) pronomen
Refleksivt pronomen
Spørjepronomen
Ubestemt pronomen
Testar
   Personleg pronomen

Bokmål | Nynorsk

Eit personleg pronomen kan stå i staden for både menneske, dyr og ting.

Eksempel:

  • Eg liker å sykle.

  • Han laga middag i går.

  • Vi gav henne ros sidan ho hadde hjelpt han med leksene.

  • Revemora gjekk til hiet, og ho fann ungane sine i djup søvn.

Eintal Subjektsform Objektsform
1. person eg meg
2. person du (De) deg (Dykk)
3. person han, ho, det han/honom, ho/henne, det

Fleirtal

1. person vi oss
2. person de dykk
3. person dei dei
  1. 3. person, eintal:

    • Vi bruker han når vi snakkar om hankjønnsord.

      Eksempel
      :

      • Jan er frå Bergen. Han er vestlending.

    • Vi bruker ho når vi snakkar om hokjønnsord.

      Eksempel:

      • Trine er veteran på fotballaget. Ho skal stå i mål i dag.

    • Vi bruker det når vi snakkar om inkjekjønnsord.

      Eksempel:

      • Når kjem flyet? Det landar kl. 22.00.


  2. Når pronomenet står som subjekt i ei setning, bruker vi subjektsforma av pronomenet.

Eksempel:

  • Eg kjem ikkje på skolen i dag.

  1. Står pronomenet som objekt, skal vi bruke objektsforma av pronomenet.

Eksempel:

  • Vi slo oss då vi ramla ned frå taket.

  1. Objektsforma skal vi også bruke etter ein preposisjon.

Eksempel:

  • Ho lytta til dei for å setje seg betre inn i saka.

  1. Du kan bruke høfleg tiltale når du treffer personar du ikkje kjenner så godt. Hugs å bruke stor forbokstav i pronomena De og Dykk!

Eksempel:

  • Kan De seie meg kva klokka er no?
Set inn rett pronomen.
Subjektsform eller objektsform?
Øving 41 laga av Språkrådet: Fyll ut med rett personleg pronomen.
Øving 42 laga av Språkrådet: Fyll ut med rett personleg pronomen.