[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Verb > Aktive og passive verbformer

[Logg inn]


Former av verbet
Presenssystemet
Preteritumssystemet
Utvida bøying
Sterke og svake verb
Meir om sterke verb
Partisipp
Kortverb
St-verb
J-verb
E-verb
A-verb
Imperativ
Samsvarsbøying
Aktive og passive verbformer
Test: Aktiv og passiv
Parverb
Usjølvstendige verb
Testar
   Aktive og passive verbformer

Bokmål | Nynorsk

   Sjå NDLA si e-forelesing om aktiv og passiv uttrykksmåte.
   
Eksempel på aktive verbformer:

  • Atle speler trompet.

  • Jenta reparerte bilen.

  • Jensen laga mat.

  • Hansen klipte hekken.

I alle desse fire tilfella er det subjektet som utfører handlinga.

Eksempel på passive verbformer:

  • Hekken blei klipt.

  • Bilen blei reparert.

  • Maten vart laga.

  • Talen vart halden av Jensen.

I desse tilfella er passiv laga med hjelpeverba å bli/verte.

Her ser vi at objektet i kvar setning har blitt subjekt:

Subjekt Verbal Direkte objekt
Hansen klipte hekken.
Hekken vart klipt.  
 
Du kan bruke passiv ved å leggje endinga -ast til stammen av verbet etter dei modale hjelpaverba skal/skulle, kan/kunne, vil/ville, må/måtte og bør/burde.

Eksempel:

  • Huset skal seljast.

  • Kalven må matast med flaske.

  • Han ville brukast til noko nyttig.

Prøv denne testen.