[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Verb > Presenssystemet

[Logg inn]


Former av verbet
Presenssystemet
Preteritumssystemet
Utvida bøying
Sterke og svake verb
Meir om sterke verb
Partisipp
Kortverb
St-verb
J-verb
E-verb
A-verb
Imperativ
Samsvarsbøying
Aktive og passive verbformer
Parverb
Usjølvstendige verb
Testar
   Presenssystemet

Bokmål | Nynorsk

Når du skriv ei forteljing om notid, bruker du presenssystemet.

Presens perfektum Presens Presens futurum
Før No Etter no
Eg har dansa. Eg hoppar og dansar. Etterpå skal eg kvile.
Det har snødd. No et rådyret. Snart vil elgen komme.
  • Presens fortel om det som skjer no.

  • Presens perfektum bruker du når du ikkje seier når noko skjedde, men du er oppteken av konsekvensen for situasjonen no.

    Eksempel
    : Det har snødd. Det er altså snø no.

    Presens perfektum bruker du også om notida når ein situasjon har begynt i fortida.

    Eksempel
    : Det har snødd i mange timar (og det held på enno).

  • Du kan bruke presens futurum eller andre framtidsuttrykk til å fortelje om noko som er planlagt, eller handlingar som skal skje i framtida.

I teksten nedanfor vil du sjå at presens er hovudtida.

Start på ei forteljing

Det knirkar i veggen. Han høyrer det og veit at sola har stått opp. Solstrålane smeltar rimet som har festa seg på husveggen i løpet av natta. Snart er det frukost. Veslebror vil servere havregraut og mjølk.

 

Oppgåve: Skriv forteljinga ovanfor i preteritumssystemet og send ho som e-postvedlegg til læraren din.