[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Ordklassar > Determinativ (bestemmarord) > Mengdeord (kvantorar) > Grunntal

[Logg inn]


Eigedomsord (possessiv)
Peikeord (demonstrativ)
Mengdeord (kvantorar)
  Grunntal
Ubestemte artiklar
Testar
   Grunntal

Bokmål | Nynorsk

Grunntal nemner ei mengd av noko. Du kan skrive denne typen tal med bokstavar eller siffer. 
 
     
       

Eksempel:

  • 1, 2, 3, 567, 790...

  • ein, to, tre, ni...

Bokstavar bruker vi når vi har små tal i vanleg tekst. Språkrådet reknar tal til og med tolv som små.
Du kan òg skrive større tal med tekst, men bør ikkje orda bli for lange. Det går bra å skrive hundre.
  • 2756 bør du skrive med tal!
Innafor same setning eller avsnitt bør du bruke anten siffer eller tekst på tala.
  • I huset budde det to som var elleve og tjueein år gamle.
  • Store tal ordnar vi i grupper på tre og tre siffer. Det skal ikkje vere punktum nokon stad.

    3 450 900

    10 456 000 345 000

    Tal med fire siffer kan vi skrive saman.

    4678

    Runde og omtrentlege tal og tal i faste uttrykk skriv vi i vanleg tekst helst med bokstavar, også når dei er store.
    • to vekers ferie
    • tre månaders arbeid
    Når talet står for ei forkorta måleeining, skal vi bruke siffer.

    3 kr, 45 m, 67 km, 56 kg.

    Når måleeininga ikkje er forkorta, kan vi velje om vi vil bruke siffer eller bokstavar.

    10 kroner eller ti kroner

    7 meter eller sju meter

    Brøk og desimaluttrykk

    Hovudregelen er at vi bruker grunntal i nemnaren i brøkar.

    • ein firedel eller ein fjerdedel
    • åtte tolvdelar eller åtte tolvtedelar