[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Syntaks > Setningsledd og analyse > Subjunksjonal

[Logg inn]


Verbal
Subjekt
Direkte objekt
Indirekte objekt
Adverbial
Predikativ
Subjunksjonal
Konjunksjonal
   Subjunksjonal

Bokmål | Nynorsk

Ny side 1

Setningsleddet subjunksjonal har fått namnet sitt etter ordklassen subjunksjonar. Det er først og fremst ord frå denne ordklassen som kan ha oppgåva det handlar om.

Subjunksjonal er innleiingsledd i leddsetningar og ledd-delsetningar.  Det vil seie at setningane dei innleier, er ein del i ei anna setning eller står som tillegg i ein frase.

I eksempla nedanfor er subjunksjonal markert med grøn kursiv skrift:

  • Sidan du liker å syngje, kan du vere forsangar på klassefesten i dag.

  • Eg lurte på om du kunne hjelpe meg med leksene.

  • At du hadde kjærast, var det ingen som visste om.

  • Vi les for å lære.

  • Læraren, som kom for seint til timen, fekk merknad av elevane.