[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Syntaks > Setningsledd og analyse > Predikativ

[Logg inn]


Verbal
Subjekt
Direkte objekt
Indirekte objekt
Adverbial
Predikativ
Subjunksjonal
Konjunksjonal
   Predikativ

Bokmål | Nynorsk

Eit predikativ beskriv subjektet eller objektet i ei setning. Predikativet fortel kven eller kva subjektet eller objektet er, eller det kan nemne ein eigenskap subjektet eller objektet har.

Eksempel:

  1. Katten min heiter Mons.

  2. Vi sat forfjamsa og lytta til skodespelet.

  3. Middagsmaten gjorde oss mette.

  4. Du skal måle huset kvitt.

I eksempel 1 og 2 har vi subjektspredikativ. Desse er merkte med feit skrift. Ledda dei står til, er merkte med kursiv skrift.
I eksempel 3 og 4 finn du objektspredikativ.

Orda vere, bli/verte, heite, bli/verte kalla (kallast) og synast er eksempel på usjølvstendige verb. Desse verba treng eit forklarende tillegg for å gje meining.

  • Utsegna "eg er" kan gje mening dersom det betyr "eg eksisterer". Då treng det ikke noko tillegg.

  • Legg vi til "eg er ei dame", får vi i ei meningsfull utsegn. Det forklarende tillegget ei dame er då eit predikativ.

  • Predikativet er ofte ein substantivfrase eller ein adjektivfrase.

Eksempel på analyse:

S V

 PIV

Det var dårlig vêr.

PIV = predikativ

Predikativet ovanfor består av adjektivet dårleg og substantivet vêr.
 

Ikkje berre usjølvstendige verb

Det er ikkje berre dei usjølvstendige verba som kan ha predikativ. Det kan du sjå av eksempla nedanfor. Fjernar du predikativet, kan setninga bli ufullstendig eller forandre betydning
 
  S V PIV  
  Vi gjekk tomme.  
         
  S V DO PIV
  Klassen valde henne til elevrådsrepresentant.
 
Predikativet beskriv altså subjektet (det som utfører ei handling) eller objektet (det som det skjer noko med).
   

Ord med dobbel betydning

Det same ordet kan ha fleire betydningar. Sjå dette eksemplet:

S V DO PIV
Han måla huset svart.
  • Her er svart objektspredikativ fordi svart betyr fargen huset fekk.

S V DO ADV
Han måla huset svart.
  • Her er svart et måtesadverbial fordi ordet beskriv verbhandlinga.

Predikativ eller adverbial?

Det er ikkje alltid lett å finne ut om eit ledd er adverbial eller predikativ. Vi tek dei to eksempla ovanfor og gjer dei om til fleirtal:

S V DO PIV
Han måla husa svarte.

S V DO ADV
Han måla husa svart.

  • No ser vi at adjektivet svart i det første eksemplet får samsvarsbøying. Då er det predikativ.
Prøv denne testen!