[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Syntaks > Setningsledd og analyse > Indirekte objekt

[Logg inn]


Verbal
Subjekt
Direkte objekt
Indirekte objekt
Adverbial
Predikativ
Subjunksjonal
Konjunksjonal
   Indirekte objekt

Bokmål | Nynorsk

Eit indirekte objekt fortel kven noko blir gjort for. For å finne dette setningsleddet spør vi med til/for kven + verbal + subjekt + direkte objekt. Det indirekte objektet er i norsk i regelen plassert føre det direkte objektet.

Denne setninga skal vi analysere:

  • Line gav snømannen eit skjerf.
  1. Først finn vi verbalet. Her ser vi at det er ordet gav.

  2. Vi finn subjektet ved å spørje med kven eller kva + verbalet. Svaret på dette er Line.

  3. No undersøkjer vi om denne setninga har noko direkte objekt: Bruk spørsmålet kva/kven + verbal + subjekt. Svaret er eit skjerf.

  4. Endeleg er turen komen til indirekte objekt. For å finne dette setningsleddet spør vi med til/for kven + verbal + subjekt + direkte objekt. Altså: Til kven gav Line eit skjerf? Svaret er snømannen.

Nedanfor ser du analysen:

S V IO

DO

Line gav snømannen eit skjerf

S = subjekt

V = verbal

IO = indirekte objekt

DO = direkte objekt

  1. Du kan skrive det indirekte objektet om til ein  preposisjonsfrase og setje det sist i setninga.

Døme:

  • Med indirekte objekt: Helga gav katten hundemat.

  • Med preposisjonsfrase: Helga gav hundemat til katten.

Les meir om analyse her.

Prøv denne testen.