[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Grammatikk > Syntaks > Setningsledd og analyse > Verbal

[Logg inn]


Verbal
Subjekt
Direkte objekt
Indirekte objekt
Adverbial
Predikativ
Subjunksjonal
Konjunksjonal
   Verbal

Bokmål | Nynorsk

Verbalet fortel kva nokon gjer, eller kva som skjer, og inneheld ord frå ordklassen verb.

Verbalet er den einaste leddtypen som er med i alle setningar. Eit verbal kan vere enkelt eller samansett.

  1. Enkelt verbal: Leddet består av eit verb i finitt form, det vil seie eit verb i presens, preteritum eller imperativ.

    Eksempel:

  2. Samansett verbal: Eit samansett verbal består av ein finitt del og ein infinitt del. Den finitte delen er eit hjelpeverb i finitt form. Hjelpeverb er å ha eller å skulle.

    Med infinitt del meiner vi eit hovudverb i infinitiv eller perfektum partisipp.

    Eksempel:


    Kattane har ikkje sunge i dag.

    (Her er har hjelpeverb i presens og sunge hovudverb i perfektum partisipp.)

    Vi skal sikkert syngje i morgon. (Hjelpeverbet står i presens og hovudverbet i infinitiv.)


  3. Når du skal analysere setningar, kan du bruke omgrepa finitt verbal og infinitt verbal.

    Eksempel:


Finitt verbal Infinitt verbal

Hjelpeverb

Hjelpeverb

Hovudverb


Du

skulle

ha

blitt

heime.
 

Les meir om analyse her.
 

Finn verbalet.